Velkomen til Ørsta og Volda Bryggarlaug!

Ein sosial og fagleg samlingsstad for bryggarar i Ørsta og Volda. Vårt ynskje er at flest mogleg av bryggarane i nærmiljøet skal ha ein stad der dei kan utveksle erfaringar og smake på kvarandre sitt heimebrygg. Den sosiale biten og kameratskapet er noko vi jobbar med å styrke og alle er velkomne sjølv om dei knapt har sett ein bryggekjel, eller har brygga i ei årerekke.

I tillegg arrangerar vi festivalar der bryggarane er med å konkurrerar om å lage det beste ølet, jobbar med å ta vare på tradisjonar rundt brygging og er med på diverse arrangement der vi stiller med live brygging og smaksprøver der det er høve til det.

So går du rundt og vurderar å byrje med brygging av ditt eige øl, nøl ikkje med å kontakte oss!